Det er mykje som kjem fram når forskarane tek tak i livsvilkåra våre. No viser det seg at mellom dei som er unge i dag, så er det større auke av menn som er barnlause enn det er av kvinner som er barnlause. Og av dei mennene som blir far, er det ein aukande del såkalla fleirkullsfedre. Det vil seie at desse mennene har barn med fleire kvinner.

Dersom ein samanliknar dei som var født i 1945 med dei som var født i 1960, så auka den delen som var barnlause for kvinner frå 9,3 prosent til 12,6 prosent, medan dei barnlause mennene auka frå 16,7 prosent til 25,6 prosent. Den viktigaste grunnen til at det å vere barnlaus har auka så mykje meir for menn enn for kvinner, er at det er ein sterk auke av menn som har registrert farskap med meir enn ei kvinne. Vi ser ein tydeleg trend til at det mellom dei yngre generasjonane, er auke i den delen av menn som ikkje har barn og den delen av menn som har barn med meir enn ei kvinne.

Aukinga i gruppa av fleirkullsfedre fører til at ein del kvinner som potensielt kunne vore partnar for dei barnlause mennene, dei er oppteken av ein mann som har trena på farskapet tidlegare! Med andre ord så signaliserer utviklinga ei auka resirkulering av "pent brukte" menn, med den konsekvens at delen av "ubrukte" og barnlause menn og aukar i dei same aldersgruppene.

Det forskarane og har funne ut, er at desse barnlause mennene, både har dårlegare inntekt og lågare utdanningsnivå enn dei mennene som får gleda av farskapet fleire gongar og med fleire kvinner.

Kvifor er det slik, spør sjølsagt forskarane seg.

For det første er det slik at samanlikna med tidlegare tider, så har unge kvinner i dag høve til å planlegge sine livsløp og forme sine livsvilkår med omsyn til utdanning, arbeid og om og når dei vil ha barn. For dei fleste i Norge er det heldigvis og slik at det ikkje lenger er knytta skam og fordømming til det å vere ugift og einsleg mor. Vi har ein velferdsstat som gjer det økonomisk mogleg, om enn trongt, for ei kvinne å vere einsleg forsørgar.

For det andre så har dette samanheng med at talet på skilsmissar og oppløysing av samboarskap har auka sterkt. Dette gjeld jo likt for begge kjønn, men ettersom kvinnene har fått meir høve til å forsørge seg sjøl og sine barn, så har dei høve til ein lengre søkarperiode. Dermed ser det ut til at ein "pent brukt" mann med gode ressursar både økonomisk og personleg, er meir interessant enn ein "ubrukt" mann med dårlegare ressursar. Dette fører til ei auking i gruppa av fleirkullsfedre og dermed og til auke i den gruppa av menn som er barnlause.

Kvinnene får eit stadig høgare utdanningsnivå og med dette stiller dei større krav til sine partnarar om mellom anna likestilling i kvardagen. Dermed blir den gruppa som fyller desse krava mindre og derfor må ein del menn brukast to gongar. Dette kallar forskarane for eit "kvalitativt likestillingsunderskot". Men dette er sjølsagt berre ei form for forklaring.

Det kan jo vere slik for både kvinner og menn at dei rett og slett ikkje ønskar barn og at denne sosiale posisjonen er høgst frivillig og ønska. På den andre sida minner dette meg litt om situsjonen i enkelte muslimske land der ressursterke menn har fleire koner og mange barn, medan andre menn ikkje har ressursar til verken kone eller barn!

Men kva blir konsekvensane av ei slik utvikling og korleis skal ein møte denne, spør forskarane. For det første er det viktig å stille opp for dei ungane som har unge foreldre som skiller lag og som får oppleve ustabile familieforhold og mange partnarskifte. Her trengs det støtte til foreldreskap og det trengs økonomiske støtteordningar som hindrar utvikling av fattigdom for enkelte unge familiar. Dette er ei familiepolitisk utfordring.

For det andre så tyder den sterke auken av barnlause menn og auken av "gjenbruk" av andre menn, på at vi har ei likestillingspolitisk utfordring. Dette er ei utfordring for heile landet og for kommunane på Helgeland som har nedgang i folketalet og eit sterkt underskot av kvinner i fertil alder, må det vere viktig å sette likestilling på dagsorden.

Det er ikkje tilfeldig at dei godt utdanna unge kvinnene i større grad reiser til meir sentrale strøk av landet medan einslege menn med lågare utdanning blir igjen. Det handlar ikkje berre om arbeidsplassar, men om ei kulturendring i vid forstand. Her er det mykje å ta tak i og mykje som kan gjerast om det berre er politisk vilje og forståing for utfordringane.

Vil du lese meir om foreldreskap i endring, kan du lese artikkelen "Foreldreskap i forandring – færre menn blir fedre" av Kari Skrede, i Tidsskrift for kjønnsforskning, nr.2, 2005.