Samiske stadnamn på vegskilt i Rana

Artikkelen er over 10 år gammel
DEL

LeserbrevRaudt Rana vil reise dette som interpellasjon på kommunestyremøte 5/2 2008. Dette er ei sak vi har reist før, og vi håpar at det nye kommunestyret vil gå inn for framlegget vårt.

Mange vil nok stusse ved eit slikt tema. Kva er no dette for noko? Forstår ikkje folk norsk? Kva vil dette koste, har ikkje kommunen andre ting å bruke pengar til, særleg i desse Terra-tider? Vil ikkje dette auke motsetnader mellom samar og nordmenn? Slik kunne ein halde på.

Eg vil sjå på dette frå ei anna side. Eg trur det er viktig å vise at Rana frå gammalt av er ein kommune der det har budd samar, og der samisk språk og kultur både har påverka og gjort felleskulturen rikare.

Vi har utallige stadnamn i dag i Rana som er reint samiske eller som har samiske røter. Hundreår med ulike utgåver av dansk og norsk, og ulike skrivarar, har også forvanska mange samiske stadnamn. Viss vi går attende til 1600- og 1700-talet, var kanskje fleirtalet av dei som budde her i kommunen, samar.

Det er ikkje tilfeldig, t.d. at Thomas von Westen, samanes apostel, starta arbeidet med å kristne samane i nord, her i Rana. Presten Stockfleth som budde og verka her først på 1800-talet, har ein del livfulle skildringar av samisk kultur i Rana og Hemnes i skriftene sine. Folketellingar frå først på 1900-talet syner ein stor samisk folkesetnad i delar av kommunen. I dag bur det folk i kommunen som held oppe samiske næringar knytta til t.d. reindrift og foredling av produkt frå reindrifta.

Dette har også ei anna side. Ved å skrive opprinnelege samiske stadnamn på samisk, vil vi vise vørnad for samane som nasjon og folk, og vise at fleirkulturelt samfunn ikkje er noko nytt her i landet.

Sørsamisk språk er dessutan på lista til Unesco over truga språk, og språkdød er med å forflate og gjere den rike kulturen vi har også her i distriktet, fattigare. I Irland, Skottland, Wales og Bretagne har bruk av keltiske stadnamn vore med på å auke både sjølvmedvit hos folk lokalt, og interesse for desse områda hos turistar og næringsliv. Kulturturisme er spennande for tida, og reisande søker opplevingar knytt opp til særtrekk i den historia eit distrikt eller eit land har har.

Ein sørsamisk festival her i kommunen vil setje oss på kartet over heile det samiske området. Særleg no når det sørsamiske teateret har fått basen sin her.

Ut frå ILO-konvensjonen, som Noreg har skrive under, har samane status som urfolk her i landet, og samisk næringsliv og kultur skal ha ekstra støtte til å overleve og utvikle seg.

Rana burde markere seg som samisk kommune i vidare forstand. Eg trur det vil løne seg, både kulturelt, økonomisk og ikkje minst når det gjeld å rette opp gammal urett overfor samane.

No legg Nordland fylkeskommune i samarbeid med Sametinget opp til at fylket vårt skal markere samisk kultur. Rana kommune har derfor sjansen no til å bli ein føregangskommune i dette arbeidet. Snåsa kommune har fått status som samekommune, og får tilført økonomiske middel til å satse på samisk kultur.

Raudt meiner ikkje at alle stadnamn i Rana skal skrivast på norsk og samisk. I første omgang kunne det vere nok med å markere viktige namn når du kjem til kommunen ved parallelle former, t.d. Rana kommune/Raanen tjielte på Saltfjellet, Sjonfjellet og i Yttervika, Norge/Nørrje i Umbukta og Mo Stasjon/Mo Reutiegeajnoesaaje.

Ole-Gunnar Leirvaag,

kommunestyrerepresentant Raudt

Artikkeltags