Til Dovre Fell, Einig? Eller Tru?

Me har godt og vel lagt mai månad bak oss, med freds/frigjeringsdagar og grunnlovsdag. Me har sunge nasjonalhymner der me stolte prisar natur og høgfjell. «Ja,vi elsker dette landet som det stiger fram, furet værbitt……». «Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå. Med same gamle bryningom, og same toppom på……» . «Mellom bakkar og berg utmed havet…..og når liene grønkar som hagar, kan me ingen stad venare sjå…..»

Me er stolte av å vere nordmenn med etisk natursans, og moralsk fredssans. Gode friluftstradisjonar, og likar vere på topp i verda når det gjeld å ta vare på natur og miljø. No kan det sjå ut som at desse verdiar er på hell. (i alle fall mellom folk innan politikk, og dei som tek avgjersler i samfunnet). Store naturverdiar er truga. Grunnlaget for primærnæringar, som fiskeri,reindrift og landbruk, står under press av grove naturinngrep. Vindkraftanlegg og lakseindustri på land og hav.

Helgeland med unike naturverdiar, er ei truga perle. Øyfjellet er allereie starta nedbygd med vindkraftanlegg, og Sjonfjellet står for tur. Kysten er dekt med laksemerder.

Om me går tilbake til overskrifta,»Einig og Tru til Dovre fell», var dette Eidsvollsmennnene sin eid etter å ha laga Noreg si grunnlov i 1814. Dei kom frå vest og nord for å samlast på Eidsvoll. Ingen frå Nord-Noreg, det tok for lang tid for vel 200 år sidan. Dei skulle møtast første delen av mai, so reisa måtte gjerast i april. Sjøvegen til Eidsvoll kunne ikkje nyttast, og landevegen på den tid, var anten til fots eller med hesteskyss. Vestlendingane måtte forsere Langfjella, mellom vest og aust. Trønderane måtte sansynlegvis gå over Dovrefjell. Å gå fjella i april, kan vere strabasiøst, om våren er sein. Ein kan tenke seg at folk vart lei og frustrert av slike hindringar, for å kome seg til dette livsviktige møte. (Folk i dag vert irritert om buss eller fly er sinka eit kvarter). For det var livsviktig. Ei Grunnlov for eit fritt folk. For å kom seg ut av svensk og dansk styre. Om lag helvta av møtedeltagarane var bønder eller landeigarar. På den tid var det eit samfunn, med so og seie reint naturalhushald. Ein måtte klare seg med det naturen kunne gi, på land og hav. Og som bonde veit (visste) ein at naturgrunnlaget må takast vare på.

Når so lova var utarbeidd etter truleg mykje diskusjon, og dei tok kvarandre i hendene for seie truskapseid til lova, skulle ein tru at truskap vart lova Gud (kirkemakt), eller Konge (statsmakt). Men nei. Dei lova truskap til Dovrefjell. På den tid var Dovrefjell, det næraste ein kunne kome eit heilagt fjell. Dovre som representerer det grunnfaste, uinntakelege og høgrøyste i naturen. Mange på møtet hadde gått fjella, blitt ven med fjella og hadde respekt for fjella.

Denne respekt for naturen har lenge ligge i den norske folkesjela, og i alle nasjonalsongar hyllar me dette. No kan det sjå ut som dette kan få ein ende. Styresmakta i dag vil teppelegge fjellheim og hav med vindturbinar, som beslaglegg store urøyvde naturområder.

Mange fagrapportar konstaterer store utslepp av miljøgifter, med uante følger. Med all viten vi har i dag, om sårbart mikroliv og små økosystem, og kor viktig det er for naturen og vår eksistens, er det galskap å halde fram i denne naturøydande leia.

Og det finns gode alternativ til energi med lite naturinngrep, om ein berre vil sjå. Det enklaste og raskaste er sparing. Me i den rike del av verda, 20 % av verdas befolkning, (over-)forbrukar framleis 80% av verda sine ressursar.

Dei fleste politikarar i dag ser ut til å ville selge desse naturverdiane, som er for folket, for «krone og mynt».( I mange høve til utanlandske kapitalinteresser)

Kanskje dei må gå Fjella igjenn, og få respekt for Høgfjell og urøyvd Natur.

Om ikkje, vert det berre triste songar til slutt.

Sigbjørn Ånes

Truga småbrukar Handnesøya