Val av skulestruktur – ein kommunal verkebyll

Artikkelen er over 3 år gammel

I anledning Forskningsdagene skriver to forskere ved Nord universitet om skolestruktur i Rana Blad.

DEL

KronikkSentralisering av skuletilbodet i distriktskommunar er ikkje alltid økonomisk lønsamt. Det er heller ikkje gitt at elevar får eit betre pedagogisk tilbod om dei blir overført frå ein fådelt skule med aldersblanda klassar til ein større skule der alle elevane i klassen er på same alder. Likevel har vi sidan 1990 sett ei omfattande skulesentralisering. På landsbasis er det lagt ned om lag 50 skular årleg.

Skular blei òg lagde ned i stort omfang i 1950- og 1960-åra. Sentraliseringa blei då drive fram i trua på at større, helst fulldelte, skular var best også på landsbygda, og såleis var nødvendig for det likeverdige skuletilbodet. Betre vegar og bussar opna for  omfattande skuleskyssordningar, og staten tok rekninga gjennom øyremerkte tilskott til kommunane.

Omfattande forsking i mange land i 1960- og 1970-åra kunne ikkje vise at læringsvilkåra var dårlegare i små, fådelte skular enn i dei større skulane. Dessutan blei uheldige sider ved skulesentraliseringa for elev og lokalsamfunn avdekte. Den nasjonale politikken blei lagt om. I tidbolken 1970-90 blei berre eit fåtal skular lagde ned. Tvert om, vi såg i mange kommunar ei desentralisering av ungdomsskulesteget ved at barneskular blei gjort om til kombinerte barne- og ungdomsskular, ofte med berre 10 eller færre elevar på heile ungdomssteget.

Så lenge Noreg var eit fattig land, blei ikkje skular lagde ned av økonomiske grunnar. Men med nytt inntektssystem frå 1986 og ny kommunelov i 1992 blei grunnskulen sidestilt med andre sektorar i kommunen, og måtte konkurrere om prioritet på ofte tronge budsjett. Nedlegging av eit par små skular kunne vere det som berga kommunebudsjettet det aktuelle året.

Kommunale vedtak om å leggje ned skular er sjeldan populære. Sterk lokal motstand er vanleg. Mange kommunar ønskjer derfor ryggdekning for slike vedtak gjennom ekstern gjennomgang av skulestrukturen. Nordlandsforskning har hatt fleire slike oppdrag. Ut frå ei samla vurdering av fagleg kvalitet, økonomi på kort og lengre sikt, konsekvensar av skuleskyss for elevane si helse og velvære, og av kva skulen har å seie for oppvekstmiljø, busetting og lokalsamfunn har vi i fleire tilfelle, og med støtte i nyare nasjonal og internasjonal forsking, rådd kommunen til å halde oppe ein relativt desentralisert skulestruktur.

Den nyaste studien om dette temaet frå Nordlandsforskning galdt ungdomsskulestrukturen i ein lofotkommune. Eit alternativ til dagens struktur med kombinerte barne- og ungdomsskular i alle distriktskrinsane,  var å operere med ungdomsskule berre på to stader. Våre analysar viste i dette tilfelle marginale innsparingar ved sentralisering av ungdomsskulesteget både fordi personellressursar nyttast  på tvers av skulesteg og fordi kostnadene knytt til skuleskyss blei vesentleg høgare. Ei sentralisering av skuletilbodet ville òg hatt fleire ulemper ikkje berre for elevar som på grunn av lang transport, for å nemne noko, får redusert si fritid og mindre naturleg mosjon, men òg for bygda som  generelt blir mindre attraktiv både for nye og eksisterande hushald. I dette tilfelle rådde vi kommunen til å vurdere økonomisk innsparing gjennom meir utstrakt bruk av IKT i undervisninga og sambruk av lærarkompetanse.

Ved val av skulestruktur bør kommunane ikkje berre vurdere ut frå kva ein trur om pedagogisk kvalitet i trong tyding og kommunale driftsbudsjett, men òg ta på alvor sitt ansvar i forhold til Folkehelseloven, ein lov som ofte synest å vere oversett

Trass i dette dømet er det slik at kommunane ved å leggje ned skular med færre enn 40-50 elevar kan stramme inn på personellressursane, den største utgiftsposten ved skuledrift. På lengre sikt er det likevel sannsynleg at helseproblem knytt til lang skuleskyss over fleire år kan føre til store utlegg på offentlege budsjett, kanskje langt større enn innsparingane ved skulesentralisering.

Ved val av skulestruktur bør kommunane ikkje berre vurdere ut frå kva ein trur om pedagogisk kvalitet i trong tyding og kommunale driftsbudsjett, men òg ta på alvor sitt ansvar i forhold til Folkehelseloven, ein lov som ofte synest å vere oversett. Loven krev at kommunane skal sikre innbyggjarane, unge som gamle, best moglege vilkår for god helse og trivsel. Dessutan har kommunane ansvar for, så langt råd er, å sikre levedyktige lokalsamfunn slik dette er presisert i stortingsmeldingar om distrikts- og regionalpolitikken.

Generelt kan det vere lett å sjå at små skular kan ha sine utfordringar, men òg lett å oversjå viktige aktiva ved små skular nær heimane til dei unge, tettare vaksenkontakt for elevane, betre kontakt skule-foreldre, meir opplagde elevar og enklare bruk av nærmiljøet i læringsarbeidet.

Karl Jan Solstad og Therese Andrews

Karl Jan Solstad forsker på likeverdig utdanning, aktiv læring, skole og (lokal)samfunn, skolesentralisering, samt skoleproblem i utviklingsland.

Therese Andrews sin forskning kan plasseres innen helse/velferdssosiologi, profesjonssosiologi og kultursosiologi (mat, kropp, kulturell kapital). Aspekter knyttet til folkehelse står også sentralt.

Kronikken er én i en serie under Forskningsdagene 2016. Forskningsdagene er en nasjonal festival for å skape oppmerksomhet omkring forskning, og arrangeres i år mellom 21. september og 1. oktober. Årets tema er «Grenser».

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags