Det er såpass enkelt som at 20 studentar ekstra i Bodø eller på Mo ikkje betyr 20 nye sjukepleiarar til Ytre Helgeland

Foto:

Av

Skal Nord universitet ha tillit i befolkninga på heile Helgeland er det vesentleg at universitetet søker å komme kommunane på Ytre Helgeland i møte, skriv førsteamanuensis ved Nord Universitet, Jorunn Hov .

DEL

LeserbrevI ein kommentar i Ranablad.no 6.6.19, skriv Anne Ringen Pedersen blant anna at når det ikkje vart opptak til deltidsutdanninga i sjukepleie verken på Mo eller i Sandnessjøen i 2018, så er det kompensert med fleire plassar på heiltidsutdanninga på Mo og i Bodø. Ho seier vidare at dei foreslåtte endringane skal sikre «flest mulig høyt kvalifiserte kandidater ut i de regionale arbeidmarkedene». Dessverre framstår leiinga ved Nord universitet som nokså historielause i argumentasjonen.

For tida skal altså «nullopptak» til deltidsutdanning både på Mo og i Sandnessjøen kompenserast. Det er bra for Mo og Bodø at dei har fått auka opptaka til heiltidsutdanningane. Enkelte av studentane kjem frå Ytre Helgeland, men dei er ikkje mange. Vi er ved kjerna i saka, nemleg at utdanning i Bodø og Mo åleine, ikkje er tilstrekkeleg for å dekke behovet for høgare utdanning for kommunane sør for Korgfjellet. Det var jo nettopp derfor sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen vart starta opp i år 2000, og utdanninga trengst no som før for nettopp å sikre rekrutteringa i "de regionale arbeidsmarkedene", som Ringen Pedersen viser til!

Som forventa har utdanninga i Sandnessjøen vore viktig for regionen. Resultatet viser at når alle studentane i kull 2015 har avlagt siste eksamen, er det utdanna 226 sjukepleiarar frå Sandnessjøen og rundt 180 av desse er frå Helgeland. Det er ikkje ubetydeleg når ei tidlegare undersøking viser at 93 % av dei som kjem frå Helgeland, blir på Helgeland!

Det hjelper ikkje at studenttalet i Bodø og Mo aukast med nokre studentar i heiltidsutdanninga. Vi har no berre to studentar frå regionen i førsteårspraksis i HALD-kommunane, og slik har tendensen vore sidan vi ikkje fekk ta opp fleire studentar i Sandnessjøen i 2016. Det er dette vi ser som resultatet av den såkalla kompensasjonen med auka opptak i heiltidsutdanninga i Bodø og på Mo. Eg klarer ikkje forstå det som anna enn ein stor og betydeleg reduksjon i tilgangen på sjukepleiarar til Ytre Helgeland. Dette er framleis enkel matematikk, men viser betydninga av at tal må forståast i ein samanheng! Det er såpass enkelt som at 20 studentar ekstra i Bodø eller på Mo ikkje betyr 20 nye sjukepleiarar til Ytre Helgeland. Med kvotering kunne ein ha nærma seg. Men framleis ville vi framleis ikkje fått rekruttert dei studentane som ikkje kan eller vil flytte langt for å studere. 

Kanskje kostar det litt meir på kort sikt å utdanne sjukepleiarar i Sandnessjøen enn om alle kunne utdannast i Bodø, men skal rekruttering av sjukepleiarar sikrast til heile Helgeland, er det ikkje klokt å legge ned utdanningstilbodet i Sandnessjøen når nettopp dette har vist seg så viktig for å forsyne spesielt Ytre Helgeland med nye sjukepleiarar! Utdanninga trengst no som før, men med dei endringane som er gjort, og med forslaget som føreligg, visast lokalsjukehus og kommunar til dyre vikarbyrå. Dette kan vel ikkje kallast berekraftig utvikling? Her passar vel eit ord som ‘utarming’ langt betre.

Tidlegare har vi hatt plass til studentar både frå Sandnessjøen, Mo og Bodø på Ytre Helgeland. No «gir» vi i realiteten bort praksisplassane ‘våre’ slik at Mo og Bodø får tilstrekkeleg med praksisplassar til eigen vekst. Det kan opplevast som ei form for kolonisering.

Til hausten er det fjerde året utan opptak i Sandnessjøen. Dersom vi framleis hadde hatt 17 studentar uteksaminert per år, ville det i løpet av fire opptak gi 68 nye sjukepleiarar, og sannsynlegvis, dei fleste til Ytre Helgeland. Auke av studenttalet i Bodø og på Mo hjelper forsvinnande lite. At vi går glipp av desse potensielle sjukepleiarane er alvorleg når vi veit at sjukepleiarmangelen er sterkt aukande!

Kompetanse finnast både på Mo og i Sandnessjøen, og vi samarbeider allereie på tvers av studiestadene. Det vil truleg gi eit langt meir robust fagmiljø om dei to fagmiljøa får utvikle samarbeidet vidare der dei er, enn om ein skal fortsette å bryte opp fagmiljøet i Sandnessjøen for å gjennomføre ei tvangsflytting til Mo. Så kvifor ikkje satse på heiltidsutdanning på Mo og deltidsutdanning i Sandnessjøen for å sikre best mogleg rekruttering til heile Helgeland? Vi veit at det verkar og at kvaliteten er god. Eg meiner ei slik løysing vil gagne både regionen og Nord universitet.

Nord universitet har enno sjansen til å vise samfunnsansvar og finne betre løysingar enn dei som no er foreslått. Skal Nord universitet ha tillit i befolkninga på heile Helgeland er det vesentleg at universitetet søker å komme kommunane på Ytre Helgeland i møte. Det er vel kjent at det tek tid å bygge både kompetansemiljø og tillit, men det kan gå fort å rive det ned. No hastar det for Nord universitet!

Jorunn Hov

Førsteamanuensis

Nord universitet, Sandnessjøen

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags