Tilsvar i debatten om reindrift og trakkemaskin i Umbukta

Som utflytta ranværing les eg denne saka med vondbroten hjarte for begge partar i saka. Eg syns det er oppriktig trist at Kristensen har vorte villeida av kommune til ei rådyr investering av ein trakkemaskin, utan at riktig og tilstrekkeleg informasjon om områdets høver var lagt godt nok fram i forkant av kjøpet. Kommune kunne riktig nok ikkje hindra Kristensen i å kjøpe den gamle trakkemaskina, men kommunens ansvar i å formidla og forvalte riktig og god nok informasjon vart ikkje gjort. Det vil seie beint fram, at kommune har ikkje gjort jobben sin godt nok i denne saka. Eg forstår meir en gjerne både det økonomiske tapet for Kristensen og det psykiske vonde det er å møte på eit stort økonomisk tap.

Vidare hjelper det ikkje situasjonen at dei som forvaltar saka i kommune ikkje erkjenner og vedkjenn seg feilen, og argumenterar reinegarane inn i saka, i stade for å be om orsak til Kristensen, noko som kan sjåast på som direkte ansvarsfråskriving.

LES MER: Hvilken skade vil en tråkkemaskin gjøre for reindrifta om den kjører noen ganger i året langs en vei som benyttes til biltrafikk om sommeren?

Når dei saksansvarlege vel å legge vinklinga slik dei gjer her, medfører det at reinbøndene, som på si side ikkje har gjort anna enn å varsle om feilen, vert igjen gjort til syndebukkane. Noko som er svært uheldig, då ein kvar bonde ville varsla i eit slikt høve. Noko som gjer at kommunen også burde gje reinbøndene orsak for dårlig forvaltning og informasjon om område og ferdsel. Då reindrifta på Tverrvatne har eksistert i fleire generasjonar, og brukt marka der i fleire år, er det for dårleg av kommunen at saken ikkje var godt nok belyst. Kommunen står faktisk her ansvarleg for at to uskyldige partar verte utsett og satt i konflikt, i grunnlag av deira dårlege jobb, og hør og bør gje ei oppriktig unnskyldning. Dette kan jo på best mogleg vis frå kommunen si side gjerast direkte med dei utsette partane, utan å skulde på nokon andre enn seg sjølv , å vedkjenne seg feilen, å be om orsak.

Ronja Torvaldsen