Din stemme avgjer!

I 2013 feira vi at kvinner hadde fått stemmerett i Noreg og då vart grunnlaget lagt for at stemmeretten skal gjelde alle, uavhengig av kjønn, av status eller inntekt. Eg hugsar mi farmor som pynta seg før ho gjekk til stemmelokalet. Vi heisar flagget på valdagen. Vi har grunn til å feire stemmeretten, men samstundes må vi minne kvarandre om at demokratiet handlar om mykje meir enn å putte ein stemmesetel i valurna. Ikkje minst handlar det om eit menneskesyn som seier at vi er alle like mykje verd, og vi har rett og plikt til å seie vår meining. Vi kan ikkje gjere noko med det som skjedde for hundre år sidan, men det som skjer i dag, det skjer på vår vakt!

Vi skal vere glade for at konsulentfirma ikkje var oppfunnen for vel hundre år sidan. Dei ville sikkert ha laga ei utgreiing som konkluderte med at stemmerett for alle, det var umogleg! På femti- og sekstitalet, då kampen stod om å bygge helsetenester slik at alle, rik eller fattig, skulle få same tilbodet, så var det mange som meinte det var heilt umogleg og alt for dyrt! Men det var nokon som skjøna at det er dyrare for eit samfunn dersom det blir store forskjellar mellom folk.

Arbeidarrørsla, kvinnerørsla, ungdomslaga, Norske Kvinners Sanitetsforening, Nasjonalforeninga for folkehelsa er døme på store folkelege organisasjonar som jobba for likeverd og likestilling og som stilte krav til politikarane om å prioritere å bygge ein velferdsstat for alle. Kort fortalt så er ikkje Noreg eit av dei heldige landa i verda som tilfeldigvis er vorte rike på grunn av olja. Dersom olja i seg sjølv hadde gitt innbyggarane ein universell velferdsstat, så skulle dette vore tilfelle i Saudi-Arabia, USA eller Russland, som er nokre av dei tjue landa som toppar lista over landa med dei største oljereservane i verda. Ingen av desse landa har klart å bygge ein offentleg rikdom av olja. Den er skapt av politiske tiltak gjennom nasjonal kontroll over oljeressursane, bygginga av eit nasjonalt og felles eigd oljeselskap og eit skatteregime som har gitt fellesskapet størstedelen av inntektene. Slik har vi bygd Oljefondet som vi eig i fellesskap.

Det er ikkje nok med stemmerett. Vi må bruke den. Kjernen i demokratiet er engasjement og kunnskap. Når Noreg er eit av dei beste land å leve i, så handlar det om at folk har kjempa for det som dei trur på og det som er viktig for samfunnet. Då presten på Nesna, Ivar Hjellvik i 1918 tok initiativ til å etablere den første høgare utdanningsinstitusjonen i Nordland, fekk han Nesna kommune med seg og klarte å skaffe politisk gjennomslag både i Fylkestinget i Nordland og frå regjeringa i Kristiania.

Det er ikkje tilfeldig at god utdanning er eit av FN sine bærekraftmål. God utdanning er avgjerande for alle barn, for alle samfunn og for heile verda. Ei inkluderande og rettferdig undervisning er ein føresetnad for likestilling og likeverd mellom menneske, mellom regionar, mellom by og land. Nærheit mellom lærarutdanningsinstitusjonane og lokalsamfunn, er avgjørande for både å rekruttere lærarar til regionane og for at det skal vere mogleg med samhandling og fagleg utviklingsarbeid i regionane. Nærheit til relevante og gode FOU-miljø, er avgjerande for utvikling av gode skolar.

I FN sitt hovudkvarter i New York, står det på veggen malt eit av fredsprisvinnar Malala sine motto:

One child

one teacher

one book

one pen

can change the world

Din stemme og ditt val kan endre verda. Ein folkeaksjon for høgare utdanning på Helgeland har teke opp hansken frå Ivar Hjellvik som starta det som seinare vart Høgskolen i Nesna. Dette folkeleg engasjementet har reist ein nasjonal debatt om Framtidas distriktsskole og om lokalisering av høgare utdanningsinstitusjonar i distrikta. To sentrale offentlege utgreiingar, Demografiutvalet og Distriktsnæringsutvalet, synleggjer at den sterkaste motkrafta til sentralisering, er å etablere utdanningsinstitusjonar i distrikta. Ivar Hjellvik hadde nok større utfordringar i sitt prosjekt, enn vi har med å gjenreise Høgskolen i Nesna. Bygningane er klare til bruk, vel seksti av fagpersonalet er enno på plass og om lag 200 studentar vil svært gjerne fullføre si utdanning på Nesna. Alle ordførarane på Helgeland støttar prosjektet og Nordland fylkesting har gjort det same. På konferansen på Nesna 25. august, rekte seks av åtte partirepresentantar opp handa då ordstyrar Tove Lie spurte dei om dei ville gå inn for å gjenreise Høgskolen i Nesna. Berre Høgre og Frp stemte imot

No er det din stemme som avgjer. Stem på det som du håpar og trur på! Stem på dei som går i spissen i kampen for å vidareføre den offentlege velferdsstaten slik at det kan bu folk både på øyane, i bygdene og byane på Helgeland. Stem på dei som vil gjenreise Høgskolen i Nesna, slik at det kan bli utdanna lærarar som både vil og kan få lærarjobb i Framtidas distriktskole.

Piet Hein seier det slik:

Pessimistene er dog

de reneste tåper.

De tror på det motsatte

av hva de håper!

Nei, de optimister

som verden beror på;

er dem som tør håpe

på det som de tror på!

Godt val!

Arna Meisfjord