Minneord Inge Myrvoll

Vår gode venn Inge Myrvoll er død. Då han kom inn på Stortinget i 1989 adopterte han Sogn og Fjordane som sitt ekstra-fylke, og vi adopterte han. Han stilte opp for vårt fylke, som ikkje hadde eigen stortingsrepresentant frå SV, som om det var hans eige. Nordland og Sogn og Fjordane har mykje til felles, ikkje minst kva gjeld samferdsleutfordringar, og der Inge var god å ha. Med si interesse, med sin kunnskap og med sin lune veremåte tok han del i, og var med å løyse, fleire av våre utfordringar. Vi minnes ei samferdslesamling i Askvoll med dagar fylte med mykje kunnskap og innsikt, latter og løye og ikkje minst godt vennskap. Mange samferdslesaker frå vårt fylke fekk ein ivrig forkjempar i Inge, men også i andre saker kjempa han Sogn og Fjordane si sak på Stortinget.

Inge tok, saman med Inge Ryan og vår eigen fylkesleiar Magne Aardal, initiativ til ei traineestilling i SV-gruppa på Stortinget. Dette var mot slutten av -90 talet. Dei meinte ein burde rekruttere rådgjevarar breiare, og få inn folk med distriktspolitisk perspektiv. Stillinga kunne ein ha i kortare periode for å få rullering i rådgjevarkorpset. Dette fekk tilslutnad frå partiet, og Heidi Grande Røys frå nettopp Sogn og Fjordane, vart den første i den stillinga i 1999. Dette vart så vellukka at ho sjølv kom inn som Stortingsrepresentant hausten 2001. Etter ho tok m.a. Reidar Ryssdal frå Nordland over denne rådgjevarstillinga.

Etter at Inge slutta på Stortinget, har kontakten likevel vore tilstades mellom oss. Møte i SV-samanheng, tilfeldige møte på ferieturar og telefonsamtaler og sms. Inge inspirerte mange av oss distriktssosialistar til å halde fana høgt i partiet. Det vil vi halde fram med - til beste for partiet og til minne om ein jordnær og engasjert sosialist som forstod både by og land, og som evna å dele både engasjement og innsikt langt ut over eigne partigrenser. No når Inge si livsferd er omme, står vi tagale att i takksemd for det han var: den gode venen, den framsynte politikaren, og det rause og inkluderande medmenneske. Takk for alle dei gode stundene vi har hatt saman, Inge

Helsing gode vener i Sogn og Fjordane SV

Les også

Vi vil savne hans skarpe blikk for politiske muligheter og løsninger. Vi vil savne humoren og omtanken