Så mye må du betale i skatt på jobbreiser

Mange spiser pizza på jobbreise.

Mange spiser pizza på jobbreise. Foto:

Av

Innføringa av regjeringas nye diettskatt gjer at meir av løna går med i skatt.

DEL

(FriFagbevegelse.no) Auken i skatten på kostgodtgjering vart innført allereie 1. januar 2018. Men statens særavtale for kostgodtgjering på reise trådde ikkje i kraft før 22. juni, etter store forseinkingar og tvist i forhandlingane.

Denne særavtala har satsar for kva du skal ha igjen om du reiser i jobben og har udokumenterte utgifter for mat og drikke.

Satsane gjeld for tilsette i staten. Men også mange private bedrifter bruker desse satsene for å betale ut kostgodtgjering.

Dette er statens satser

Om du reiser innanlands, over 15 kilometer og reisa varer meir enn 6 timer, får du dekka mat og drikke etter desse satsene:

reiser over 12 timer med overnatting: 754 kroner (auke på 21 kroner frå i fjor)

reiser fra og med 6 timer til og med 12 timer: 297 kroner (auke på 8 kroner frå i fjor)

reiser over 12 timer utan overnatting: 552 kroner (auke på 15 kroner frå i fjor)

• Reiser som varer ut over heile døgn blir dekka etter ein av dei to satsane over

(Om ein får påspandert måltid, må ein trekke frå: 20 prosent for frokost, 30 prosent for lønsj eller 50 prosent for middag.)

Tidlegare fekk ein kostgodgjering det nye døgnet om reisa varte over eitt døgn. Nytt av i år er at ein får kostgodtgjering på 297 kroner eller 552 kroner, avhengig av kor lenge reisa varer ut over det eine døgnet.

Dette er dei skattefrie satsane

For reiser utan overnatting, har Skatteetaten bestemt at statens satsar i år skal vere trekkfrie. Dette gjeld også dei nye satsane til staten som vart innført 22. juni.

Det betyr at du slepp å skatte av desse pengane, med mindre du får meir enn statens satsar.

Skattedirektoratet har derimot eigne skattefrie satsar for reise med overnatting, som trådde i kraft 1. januar:

om du bur på pensjonat eller hybel/brakke utan kokemoglegheiter: 159 kroner (156 kroner mindre enn i fjor)

om du bur på hybel/brakke med kokemoglegheiter eller overnattar privat: 88 kroner (117 kroner mindre enn i fjor)

om du bur på hotell: 569 kroner (164 kroner mindre enn i fjor)

om du bur på hotell med frukost: 455 kroner (131 kroner mindre enn i fjor)

(Om ein får påspandert måltid eller måltid er inkludert i prisen, må ein trekke dette frå dei skattefrie satsane: 20 prosent for frokost, 30 prosent for lønsj eller 50 prosent for middag.)

Endringar frå i fjor

Dei skattefrie satsane for reise med overnatting er avhengig av kor du bur. Nytt av i år, er at pendlarar som bur på hybel/brakke eller privat må skatte av heile beløpet.

Det er også nytt at langtransportsjåførar får ein eigen sats på 300 kroner. Bråket rundt diettskatten vart så stort at Stortinget bukka under for presset frå sjåførane.

Endringa som har vore mest omdiskutert, er reduksjonen på 150 kroner (etter den vanlege prisjusteringa) i dei skattefrie satsene for reiser med overnatting. Dette skjedde som følge av eit budsjettforlik mellom regjeringspartia (Høgre og Frp), Venstre og KrF.

Nytt er også at pendlarar må betale skatt av heile beløpet, om dei bur på hybel/brakke eller privat og kan lage maten sin der. Dette rammar mange brakkearbeidarar og har fått blant anna Fellesforbundet til å rase.

Dette må du skatte av

Om vi tar statens sats for kostgodgjering på reise med overnatting og trekk frå den skattefrie satsen, blir dette beløpa du må skatte av:

om du bur på pensjonat eller hybel/brakke utan kokemoglegheiter: 596 kroner (178 kroner meir enn i fjor)

om du bur på hybel/brakke med kokemoglegheiter eller overnattar privat: 666 kroner (138 kroner meir enn i fjor)

om du bur på hotell: 185 kroner (185 kroner meir enn i fjor)

om du bur på hotell med frukost: 299 kroner (152 kroner meir enn i fjor)

... og dette må du ut med i skatt




Med det vanlegaste tabelltrekket på 31 prosent, må ein ut med dette i skatt:

om du bur på pensjonat eller hybel/brakke utan kokemoglegheiter: 185 kroner (55 kroner meir enn i fjor)

om du bur på hybel/brakke med kokemoglegheiter eller overnattar privat: 206 kroner (43 kroner meir enn i fjor)

om du bur på hotell: 57 kroner (57 kroner meir enn i fjor)

om du bur på hotell med frukost: 93 kroner (47 kroner meir enn i fjor)

Om du skal reise utanlands

For reise utanlands har staten ulike satsar for kostgodtgjering for ulike land. Dei varierer frå 280 kroner i Egypt til 1.320 kroner i Angola. Du finn alle satsane her.

Dei skattefrie satsane er dei same som reise innanlands, om du bur på pensjonat, hybel/brakke eller overnattar privat. For hotell er statens satsar, som er ulike frå land til land, skattefrie.

Om du får dekka måltid på reisa utanlands, må du likevel trekke frå dette i dei skattefrie satsane: 10 prosent for frukost, 40 prosent for lunsj og 50 prosent for middag. (ANB)

Artikkeltags