Gå til sidens hovedinnhold

Ønsket om gjenreising av Høgskolen i Nesna, fått stadig større kraft

Helgetanker

Tour de Helgeland for høyere utdanning

Helgeland har ei utdanningspolitisk historie som vi har god grunn til å vere stolte av. Eg inviterer derfor lesarane til ei lita historievandring på Helgeland. Ivar Hjellvik kom til Nesna som prest i januar 1918. I februar les Hjellvik i Nordland fylkestiende at det var stor lærarmangel i Nordland og i Distrikts-Noreg og at Amtstinget alt i 1916 argumenterte for at det burde etablerast ei lærarutdanning i Nordland. Fortellinga om korleis Hjellvik klarte å etablere den første høgare utdanningsinstitusjonen i fylket, er som eit mirakel. Hausten 1918 kunne dei første femti elevane (det heitte ikkje studentar den gongen), møte til studiestart. Halvparten av desse elevane var kvinner, berre fem år etter at kvinner i Noreg hadde fått stemmerett.

Korleis var det mogleg å etablere ein høgare utdanningsinstitusjon på Helgeland i 1918? Første verdskrigen hadde gjort fattig-Noreg endå fattigare. Landet hadde ikkje berre ein pandemi å kjempe mot, men to, både tuberkulosen og spanskesjuka. Svaret er solidaritet. Ivar Hjellvik skjøna at kunnskap må bli tilgjengeleg for alle, for kvinner og menn, for fattig og rik, for ungdom både frå bygd og by. Slik vart lærarutdanninga ein spydspiss i kampen for kunnskap, for den kunnskap som er sjølve grunnlaget for velferdsstaten. Slik fekk Helgeland ein institusjon som var avgjerande for at Distrikts-Noreg vart ein del av den nasjonsbygginga som høgare utdanning gjorde mogleg.

Ivar Hjellvik reiste frå Nesna i 1928. Då var lærarutdanninga godt etablert. Staten hadde teke over drifta som starta som ein privat institusjon og nye, flotte lokalar stor ferdige i 1921 og plasserte Nesna mellom dei mest moderne institusjonane i landet på denne tida. Som eit Soria Moria tok den staselege hovudbygningen imot ungdom frå Helgeland og resten av landet til samfunnsoppdraget som lærar. Høgskolereforma i 1994 vart ein sterk stimulans for Høgskolen i Nesna til å utvikle institusjonen frå vere ein rein lærar og barnehagelærarutdanningsinstitusjon til å bli ein regional høgskole som kan samanliknast med dei tidlegare distriktshøgskolane. Så tidleg som i 1987 hadde Nesna lærarhøgskole etablert årsstudium i informatikk. I 1998 blir årsstudium i informatikk etablert i Mo i Rana og utbygd til ei 3-årig bachelorutdanning, med fagpersonale og undervisning på Mo. Same år vart det gjennomført utdanning i sørsamisk språk og kultur. I 2000 vart sjukepleiarutdanninga etablert i Sandnessjøen. I 1997 vart det etablert eigen studentsamskipnad, det vart starta opp eit nytt utdanningstilbod, samlingsutvikling (bibliotek, museum, arkiv), i Mo i Rana. Høgskolen i Nesna fekk som ein av fire institusjonar i landet, etablert faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag i 1999. Same år vart praktisk-pedagogisk utdanning etablert, for å nemne ein del av dei nye tilboda som vart etablert, både på Mo og i dei andre regionsentra på Helgeland. Desse utdanningane var svar på sentrale utdanningsbehov nasjonalt og regionalt og tiltaka vart gjort mogleg gjennom eit omfattande samarbeid med regionråd og kommunane. Studietilboda og det store omstillingsarbeidet som Høgskolen i Nesna gjennomførte, var ein viktig grunn til at Stortinget i 2003 gjorde vedtak om nybygg som stod ferdig i 2006.

Igjen har Helgeland ein bygningsmasse som er skreddarsydd for høgare utdanning og som kan måle seg med det fremste i landet.

Men så kom Strukturreforma i 2015 og påla alle universitet og høgskolar å slå seg saman, for berre stort, er godt nok, må vite. Campus Nesna, som var lova vekst og vidareutvikling, IT-utdanninga på Mo og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen, vart lagt ned. Nord universitet gjennomførte inga fagleg eller økonomisk vurdering av dei regionalpolitiske konsekvensane av desse nedleggingane. I etterkant har vi fått ein omfattande nasjonal debatt om konsekvensane av Strukturreforma og professor Rune Slagstad oppsummerer situasjonen slik (Dag og Tid, 23.april, 2021):

Resultatet har vorte ein tap-tap-situasjon som gjev dårlegare universitet, dårlegare høgskular og meir byråkrati. Denne forfeila fusjonismen må avviklast, og den institusjonelle arbeidsdelinga mellom profesjonsretta høgskular og universitet må gjennopprettast.

Strukturreforma har ikkje levert på lovnadene om vekst og vidareutvikling i Distrikts-Noreg og behovet for å utdanne lærarar er stort. Distriktsnæringsutvalet og Demografiutvalet har begge peika på utfordringane med nedgang i folketalet i distriktskommunar over heile landet og særleg i Nord-Noreg. Samstundes påpeikar dei at etablering av utdanningsinstitusjonar i distrikta, er eit viktig tiltak for å styrke busettinga.

Ein av Helgeland sine største næringsaktørar, Aino Olaisen, har teke initiativ til prosjektet Framtidas distriktsskole. I forprosjektet som vart lagt fram i Bodø 26.mai, går initiativtakarane inn for å reetablere tidlegare Høgskolen i Nesna, med eit nasjonalt ansvar for desentralisert og distriktsretta utdanning og forsking og med ansvar for å utvikle ein FOU-modell for lokalsamfunnsutvikling implementert i ei lærarutdanning som er tilpassa distriktsskolen.

Etter kvart som konsekvensane med Strukturreforma har vorte meir synlege, har ønsket om gjenreising av Høgskolen i Nesna, fått stadig større kraft. Alle opposisjonspartia på Stortinget har støtta kravet. No gjeld det å få eit nytt Storting som ved stortingsvalet får mandat til å realisere tiltaket. For å lykkast med dette, inviterer Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland, til Tour de Helgeland. Alle kommunane på Helgeland skal få besøk, alle dei atten ordførarane skal inviterast til å underteikne eit historisk dokument, med krav om gjenreising av Høgskolen i Nesna.

Slik kan ordførarane ta over stafettpinnen etter alle dei som har kjempa for høgare utdanning på Helgeland gjennom over hundre år og slik kan vi alle oppmodast til å gjere vårt for nye hundre år med ein sjølvstendig høgare utdanningsinstitusjon på Helgeland!

Arna Meisfjord

Kommentarer til denne saken