Helgetanker
Det er eit stort privilegium å gå i eigen skog og leite juletre. Ettersom vi ikkje akkurat er profesjonelle juletreprodusentar, handlar utfordringa om å finne eit tre som ser så nokolunde ut på to sider, slik at det kan plasserast i ei krå og framstå som «fint nok» når rikeleg med pynt og glitter er fordelt strategisk for å dekke over diverse skavankar på det heimhenta treet.
«Det er lett å pynte eit fint juletre», bruka far min å seie. Han var umåteleg nøye på at juletreet skulle vere vakkert. Var det ikkje veldreia nok frå naturen si side, kunne han finne på å bore hol i trestammen og sette inn greiner, slik at symmetrien var på plass.
Nøye var han og når han på femti- og sekstitalet reiste til Sandnessjøen for å selge juletre på torget i førjulstida. Vi ungane hadde vore med i skogen og planta grantre som etter kvart vart store nok til å bli «tynna ut» til juletre, for å gi betre vokstergrunnlag for dei største trea som skulle bli til tømmer. Stor stas var det når vi fekk vere med far til «byen» for å selge juletre. Det var jo ei lita Amerikareise, der vi sat på traktorvogna med juletre frå Meisfjord til Sandnessjøen. Dette var i rom tid før Helgelandsbrua, så vi måtte passe fergerutene og siste ferge gjekk i tretida på julekvelden.
Mange venta nok til siste liten før dei fekk juletreet i hus, så det kunne vere lurt å vere på torget nettopp på sjølvaste julekvelden. Denne gongen som eg minnes så godt, hadde vi selt alle juletrea, bortsett frå eitt, som far meinte var så «puskåt», som han sa, at det var ikkje verdt å selge til nokon. Dermed var det berre å rydde saman og gjere oss klare til å nå den siste ferga. Det var jo begynt å mørkne, det snøa og folk skynda seg heim for å ordne til jul.
Då kom det brått springande ein mann mot oss. Om vi hadde juletre å selge? Han hadde ungar heime og han hadde ikkje fått tak i juletre. Kunne vi hjelpe han? «Tja», sa far. Eigentleg hadde han ikkje noko fleire juletre å selge, men om han tok til takke med denne «kvisten» som han hadde igjen, så skulle han få den. Mannen vart strålande glad! Han ville svært gjerne ha juletreet, men han måtte få lov til å betale! Medan dei stor der og akkederte om betalinga, kom det endå ein mann springane. Om vi hadde juletre å selge? Han hadde fleire ungar heime og han hadde ikkje fått tak i juletre! Kunne vi hjelpe han?
Det vart ei undeleg stemning der på torget. Vi såg alle for oss kor trist det ville bli i heimen dersom ungane ikkje fekk eit juletre å legge pakkane under. Ingen lys og ingen stjerne i toppen. No var gode råd dyre! To familiar, men berre eit juletre. Kva kunne gjerast?
«Eg veit ikkje anna råd enn at vi får dele treet i to», sa far. Han tok fram saga og delte treet. Den eine mannen fekk toppen og den andre fekk den nederste delen. Det var som snøbygen letta og eit lys av glede spredde seg på torget denne julekvelden. «God Jul!», vart helsa. Dei to fedrene skunda seg heim. Vi nådde ferga.
I ettertid har eg tenkt på korleis juletreet vart teke imot då desse to familiefedrene kom heim med kvar sin kvist av eit juletre. Var det nokon der heime som klarte å spreie den nødvendige magien rundt julepynten og juletreet? Vi kan rekne med det. Tradisjonen på Helgelandskysten har vore å hjelpe seg med det ein hadde og det var langt mellom dei fine grantrea. Anne Severinsen skriv i Årbok for Helgeland 2015 at på dei skoglause Helgelandsøyene var det vanleg å sette einekvistar i ein staur og bruke det som juletre. Det blir fortalt at i ein heim på Vega på byrjinga av 1900-talet, var juletreet ein stokk som det var festa grønmåla pinnar i som greiner. Julepynten hadde dei fleste laga sjølv. Roser av farga papir. Stjerner av papp med sølvpapir utanpå. Kuler av småpotet innpakka i sølvpapir.
Skikken med juletre er ikkje så gamal ein tradisjon. Den kom til Noreg frå Tyskland og vart ikkje vanleg på Helgeland før siste halvdel av 1800-talet. Men tradisjonen med å dele godene med kvarandre er både gamal og god. Det same er gleda over at sola snart snur og at det igjen går mot lysare dagar.
Arna Meisfjord